Tre klassemeistrar frå BBK! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Frank Tangen   
SUNDAY 22. FEBRUARY 2009 23:24

Spelarane frå Bergen bowlingkrets gjorde ein god figur i denne helgas klassemesterskap.  Det vart seier både til Bodhild Mjaatvedt frå Fyllingen i klasse B, Thomas Johannessen frå Mascot i klasse C og Linda Mari Dammen frå Askøy i klasse D. Men det var fleire medaljevinnarar frå vår krets. Kenneth Hodel-Olsen og Hilde Teigland - begge frå Åsane - fekk kvar sin 3. plass i klasse D. Me gratulerer medaljevinnarane og dei andre deltakarane frå BBK med eit kjemperesultat i klassemesterskapet!

Komplett resultatliste klasse C og D!
Komplett resultatliste klasse B!

Sist oppdatert ( MONDAY 23. FEBRUARY 2009 08:26 )
 
Diggers open PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Frank Tangen   
SATURDAY 07. FEBRUARY 2009 00:15

Mykje bra speling under Diggers open. Glenn-Ove Ellingsen (Mascot) imponerte med seriane 246-279-247-267-279-277-237-203 fredag. Dette gav kretsrekord for 6 seriar (1595) og 8 seriar (2035). Søndag spelte Tor-Erik Larsen (Askøy) 300 pinnar i puljespelet. Vinnarar (PP-finale i herre- og dameklassen) vart Kenneth Haukås (Mascot - Herrer), Stine Helene Palmèr (Askøy - Damer), Lars Martin Palmèr (Nygård - Junior) og Ronny E. Lygre (Askøy - U13)


- Klikk her for resultat frå Diggers open!

Sist oppdatert ( SUNDAY 08. FEBRUARY 2009 23:59 )
 
Mascot, Stord og Fyllingen vart vinnarar av KM-lag PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Frank Tangen   
SATURDAY 20. SEPTEMBER 2008 10:13
I klassen herrer A/B vant Mascot sitt førstelag framfor andrelaget og med Askøy på tredjeplass. I klasse herrer C/D vant Stord sitt andrelag med Nygård sitt andrelag på andreplass og Kvam på tredje. I dameklassen vant Fyllingen sitt andrelag med Askøy på andre og Fyllingen sitt førstelag på tredjeplass. For detaljar sjekk lenka under.

http://www.bergen-bowlingkrets.no/lokalliga/biblskule.asp?meny=km-lag

Sist oppdatert ( TUESDAY 23. SEPTEMBER 2008 09:25 )
 
Treningstips mm PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Frank Tangen   
WEDNESDAY 15. OCTOBER 2008 07:00
Trine Bringedal og Randi Hansen var BBK sine representantar på eit kvinneseminar som NBF arrangerte. Dei syntes seminaret var inspirerande og nyttig. På dette seminaret fekk dei eit kompendium som m.a. inneheld mange gode treningstips med ulike speleformer for å variere treninga. Dette kompendiet har me lagt tilgjengeleg på våre nettsider under hovudmenyvalet "Treningstips (2,5MB)" (i menyen til venstre). Som du ser så står det 2,5MB i parentes - det har eg tatt med for å vise at dokumentet har ein viss storleik og at det difor kan ta litt tid før det kjem fram. Last det ned og skriv det ut, så kan du lage treninga di noko meir interessant.
 
Os open - flytta til 29.01.2009 - 01.02.2009 PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Frank Tangen   
TUESDAY 16. SEPTEMBER 2008 10:55

Os open var opprinneleg satt opp frå 25. til 28. september i år, men grunna kollisjon med landsliga vert Os open flytta til etter årsskiftet.
Ny dato er frå 29. januar til 1. februar 2009.

Sist oppdatert ( MONDAY 15. SEPTEMBER 2008 21:59 )
 
« FørsteForrige12345678910NesteSiste »

Side 9 av 10
Bergen Bowlingkrets, Powered by Joomla!, template by SiteGround web hosting, adjusted and published by Atle Smelvær